Ein bygdeoriginal går modige vegar og har fridom som følgjesvein. Han legg gode historier etter seg fordi han er ikkje som alle andre. Han er unik og er seg sjølv. Men mange trippar i flokk og gøyme seg bak andre sin rygg som ein kopi fordi ein ikkje uttrykke sanninga.

Det er stor kunst å vera autentisk. Ekte. Til meir ekte ein er til meir levande blir ein. Men ofte sviktar vi oss sjølv. Kan oversjå ein venn fordi det ikkje passar å snakke akkurat no. Og seier eg såg han ikkje i staden for å sei sanninga. Eller eit sårande ord råkar midt i hjarterota og ordlaust vert såret pakka inn. I staden for å vera ærleg og setje ord på kjensla. Det er så mange småting vi lyge om. Men også store ting. Livsløgner eller ein utfordrande livssituasjon fortsett år etter år fordi ein aldri tar oppgjer med seg sjølv. Ein handlar på tvers av si indre sanning fordi om sann handling gjer det lettare å stå oppreist etterpå. Sanninga er ubøyeleg og lar ingen ikkje vera i fred. Den pressar på og snike innpå frå alle kantar og avslører til slutt at vi lever livet for å erfare oss sjølv. Alle sanne handlingar leier inn mot sentrum av kjernen og skaper nærleik. Di høgaste sanning er gøymt i dine djupaste kjensler og er nøkkelen til å manifestere sitt reine potensiale.

Kunsten er å leve som ein original i eigne sko. Å vera sann med seg sjølv i handling og ord. Og la det indre bli synleg i det ytre. Slik kan ein avdekke sin eigen unike originalitet.

Kontakt Anne Markhus

Er du interessert i å kjøpe eit bilde, ønsker å skaffe deg boka eller har du rett og slett lyst til å slå av en prat? Eg ser frem til å høgre frå deg! Fyll ut kontaktskjemaet, send meg en e-post eller ring direkte. Du er hjarteleg velkomen til å ta kontakt.