No når menneskeslekta held på å vakne opp er vi meir overvaka enn nokon gong. For få år sidan frykta vi i vesten ordet KGB, som var den sovjetiske sikkerhets- og etterretnings-teneste, og var sjeleglade og takknemlig for å leva i fridom. Og dei på austsida lengta etter vår fridom.
No er elektronisk dataovervakinga oppstått og fangar snart alle menneske på heile jorda i jerngrep. Med usynleg overvakinga blir alle våre handlingar registrert og loggført ned til minste detalj. Kunstig intelligens analyserer data der ein vanleg menneske hjerne er hjelpelaus i forhold. Og mi framtid er innlysande lenge før eg sjølv har tenkt tanken. Dei veit kva eg skal ete og kjøpe og ikkje minst kva eg treng av duppedingsar. Og dei veit kva bilen min treng og kva sko eg brukar og kva ferie eg var på og kor eg satt på do sist (men eg trur ikkje dei fekk bilde) og kor tid eg køyrde gjennom bomstasjonen og kven eg besøkte og kva far min heiter og fødselsnummeret mitt. Spørsmålet er korleis og kva alle opplysningane kan brukas til.
Vi er indoktrinert og gjentar som eit mantra at all overvaking er positiv for å redusere utfallsrommet til dei kriminelle. Og så tenkjer vi på Kasper og Jesper og Jonatan i Kardemomme by som stal for å skaffe seg mat. Men dei kriminelle er på full marsj inn i systemet. Og datatilgangen er eit eldorado å sko seg på vanlege truskyldige menneske. Eg trur berre vi har sett toppen av isfjellet foreløpig. Overvaking skjer frå aust til vest og nord til sør. Verda si nye dataovervakinga er usynleg før den vert synleg. Den starta som ein virus og har no blitt vondskap. Kunsten er å kome laus jerngrepet og bli fri.