Når de døde våkner…….

Menneskeslekta er på god veg til å vakne opp og bli meir opplyste. Vi har lidd nok no, og ei ny varm tid ventar på oss der vi er kjærlege med kvarandre og finne glede og lever fredeleg saman. Og har trua på det gode i menneske. Vår bevisshet er på veg til å endre seg og pressar på frå innsida og utvidar oss slik at vi ser livet med nye auger. Slik fastfrosen is går over til flytande vatn vil også bevisstheten endre tilstand.

Tida er inne for neste utviklingstrinn hos menneskeslekta. Den teknologiske utviklinga har gått sin gang, men vi filosoferer framleis over same spørsmåla som Platon og Sokrates og Aristoteles gjorde for totusen år sidan. Kor kjem vi frå og kva er meininga med livet? Eller kva er livet? Og manglar enno svar. Det er lite framgong å spore i menneskesinnet. Vi slåss og krigar med kvarandre og er primitive som dyr i vår adferd og væremåte. Det er å vera seg sjølv nok. Ego-et har vakse seg stort og stygt, og står i vegen for å finne heilskapen og samhaldet mellom oss menneske. Å stivhalde på noko som ikkje fungerer vil rakne til slutt. Det blir sprikkeferdig som eit troll.  Når ego-et tar for stor plass lever vi livet på falske premisser. Det er smertefullt vondt for menneskeslekta når det griske og grådige råder. Men sanninga kjem for ein dag. Og det er dette menneskeslekta er på veg til å oppdage. Det er noko større enn oss sjølv som vi er ein del av. Vi er på veg til å vakne opp og flyte saman med resten. Når menneske byrjar å vera ærleg og trufast med seg sjølv så lever ein ekte. Det er slutt på at Peer Gynt talar løgner. Å tru på seg sjølv og vite forskjell på det som er sant og det som er usant er å kjenne den usynlege sanninga. Det er stadig fleire som vaknar. Mange er vakna opp no. Det skjer ei masseoppvakning i samfunnet. Vinden vert sterkare og sterkare for kvar einaste ein av oss døde som vaknar til livet. Der vi før gøymde oss bort fordi det var så overveldande å stå aleine, ser vi no at mange tør å snakke ut og stolar på seg sjølv. Det hjelper godt at sanninga er på veg inn i samfunnet og det klarnar synet til folk fleste. Før visste vi det var nokon som gjorde pengar på oss, men vi visst ikkje korleis. No er det letta på sløret og vi skjønar at data og statistikkar vert laga om oss berre vi kikkar på ein skjerm. Sanninga bryt gjennom, og vi ser klarare og kjenner inni oss forskjellen på rett og galt. Vi er på god veg til å vakne opp, og til fleire som vaknar til vansklegare vert det å fortsetje i den bevisstlause tralten. Når bevisstheten strekkjer seg utover så misser vondskapen grepet. Vi trur på vår indre sanning, og ikkje på andre sine vonde hensikter. Kunsten er å tørre og vera slik vi eigentleg er. Og vera kjernen i oss sjølv.

Då skjer det plutseleg ei endring. Vi sluttar å gå rundt som døde levande der vi er motlause og redde for å vera modige. Eller trur ingenting nyttar i den store samanheng. Til meir lamma vi er, til lettare er vi å kontrollere. Og lar oss presse inn i tronge system som snart tyner livet av oss. Fastlåste system kan plutseleg blåse over ende når menneskeslekta reiser seg i flokk. Egoismen misser taket og vi ser mot heilskapen. Når bevisstheten utvidar seg byrjar hendene som har hatt makt over menneske å miste grepet. Menneskeslekta byrjar å bli fri. Ser lyset og ser klart. For vi vil ut og vi vil vera fri. Kunsten er å vakne opp og vera velvillig til livet slik at utviklinga får utfolde seg. Å vera menneske er å vera seg sjølv.