Hjarta bankar lett og lystig når ein kastar seg inn i arbeidet med liv og lyst. Når lidenskapen glødar blir ein intenst opptatt og tida forsvinn. Det er det same kva ein heldt på med, men kunsten er å ha kontakt med denne mektige kjensla som livnar kroppen opp og gir glødande ansikt.

Å trivast i kvardagen gir energi og glede. Mange seier at jobben er meiningslaus og kreativitet manglar. Og det er i alle fall meiningslaust å sitje åtte timar framfor ein datamaskin for det er ikkje menneskekroppen skapt for. Kunsten er å halde på med noko som drar ein meir ned i hjarta og lar hovudet kvile. Lidenskap spring ut frå hjarta. Og alle har ein lidenskap i hjarta, men den er ofte pressa ned og undertrykt og på grensa til å drukne i trua på alt ein må betale for livets opphald. Kunsten er å avdekke lidenskapen og vekke den til livet. Og finne rett balanse mellom kjensler og fornuft. Alle har fridom til å velje meir lidenskap i livet, og kunsten er å prioritere det og gjere radikale val dersom det kjennes rett. Det er livsviktig for oss å ha noko og jobbe med. Men vi har gløymt, eller kanskje slutta å tru, at det er full muleg å ha det gøy og levande med jobben, og samtidig vera i harmoni med livet og familie og samfunnet rundt.

Kunsten er å leve lidenskap. Og la lidenskap bli din følgjesvein på reisa gjennom resten av livet.  Det gir brusande krefter og  livskraft og ein er tilstade med opne sansar.

Del innlegget:

Kontakt Anne Markhus

Er du interessert i å kjøpe eit bilde, ønsker å skaffe deg boka eller har du rett og slett lyst til å slå av en prat? Eg ser frem til å høgre frå deg! Fyll ut kontaktskjemaet, send meg en e-post eller ring direkte. Du er hjarteleg velkomen til å ta kontakt.