Vi tar ting for personleg når ein gjer ein liten feil eller meiner noko eller andre sender ein skurrande kommentar, og så skjems ein etterpå eller går i forsvarsposisjon. Tankane surrar og kvernar på det usagte eller kva andre synes, og fjernar oss frå vår indre kjernen. Sjølvkjensla kjem i ubalanse fordi vi identifiserer oss med tanken, og vi blandar saman kjensla og det ein faktisk er.

Kunsten er å skilje ego-et frå vår eigen kjerne. Ein lurer på korleis ein ser ut, og om ein ser ut i det heile tatt. Men viss ein ser inn så betyr det kanskje ikkje så mykje. For ein sjølv er det heilt greitt, men så ser ein utover og uroar seg for kva andre trur og meiner. Ein går glad og fornøgd ut døra med eit bilde av seg sjølv, men når andre slår sprekker i dette bilde så slår tanken ned som ein gribb og knuser gnisten av liv. Og den indre sprudlande krafta vert utarma. Skaparen av denne tanken er ego-et. Ego-et er eit subtilt dyr som lever inni oss, og bit seg fast i kropp og sjel slik at vi identifiserer oss med dyret. Det manipulerer oss til å tru vi er tanken. Egoet er det som kjem ut av tanken når ein tenkjer. Alle tankar er som ein dommar og fordømer, og splittar alt opp i to. Og ego-et forstyrrar sinnsroa og lagar stress.  Når ego-et riv og slit i hjarta så eser det ut og blir stort og stygt. Kunsten er å slutte og gi næring til ego- dyret.

Den største avhengigheten til menneske er tanken. Men ingen er tanken, vi er berre oss sjølv.  Kunsten er å observer ego-dyret, og oppdage korleis det febrilsk prøver å få kontroll. Når ein sluttar å identifisere seg med tanken så misser ego-dyret kraft. Ingen treng tenkje seg i hel fordi ein handla i god tru eller gjorde ei sporadisk handling.

Kontakt Anne Markhus

Er du interessert i å kjøpe eit bilde, ønsker å skaffe deg boka eller har du rett og slett lyst til å slå av en prat? Eg ser frem til å høgre frå deg! Fyll ut kontaktskjemaet, send meg en e-post eller ring direkte. Du er hjarteleg velkomen til å ta kontakt.