Eg er så stolt fordi eg har klart å fjerne stressrynka over nasen ganske enkelt med å jobbe med meg sjølv. Den prøvde å bite seg fast, men eg har jobba den bort frå innsida og ut. Og er no eit usynleg bevist på at det å fjerne tankeaktivitet og stress i kroppen på innsida speglar seg av på utsida.
Slik er det med alt, det indre speglar av det ytre. Vi ser ofte tankefulle menneske med stive spenningar i ansiktet, og den indre stemning kjem tydeleg til uttrykk på utsida. Vi er bevisst at kropp språket pressar seg ut og uttrykket set seg fast over tid. Men vi har kanskje ikkje tenkt så mykje på kunsten å reversere denne prosessen. Slik at vi finn tilbake til det naturlege. Vi kan fjerne tankestress og blokkeringar og innøvde gamle vaner og mønster, så fell rynker og stive skuldrer på rett plass og blir lealause og smidige. Og ansiktet blir mildt og mjukt. Slik kan bevisst utvikling på det indre plan bli fysisk synlege på utsida. Ikkje berre fysiske endringar i kroppen, men også det materielle vi omringar oss med og gledene i livet blir velsigna. Resultatet av det indre arbeidet og åndeleg utvikling set preg på det ytre livet. Ting materialiserer seg og legg seg til rette og alt ein treng kjem på magisk vis. Tru meg, men det tar tid og er hardt arbeid.
Kunsten er å fjerne indre spenningar og setje seg sjølv fri. Og halde fast i trua på at alt er muleg. Det er ingen lettvint snarveg for å utvide bevisstheten, det tar naturleg nok tid og krev fokusert og modig arbeid. Og vilje til å prioritere det stille rommet.