Eg har i alle år reist heim. Heim til opphavet. Der eg er frå og der eg gjekk med barnesko. Eg trur det er typisk norsk å spørje om du skal heim til jul eller til påske eller i helga. Det er noko trygt og varmt med å kome tilbake til rota. Det ein reiser ut frå, men som ein alltid søkjer tilbake til.

Kor kjem du frå spør vi kvarandre for å finne ei rot å hengje deg på. Rotfesta i kulturarven. Der lynne og væremåte er forma etter naturen og staden ein voks opp. Det er denne kjensla av å høyre til og vera trygg som kveilar seg rundt på innsida. Det varmar å kome heim. Det er her roen kjem sigande og ein kan vera seg sjølv. Godt jorda. Festa fast. Kjenne føtene planta på jorda, og vite at det er moder jord som støtter og gir støtte til å stå oppreist. Og kjenne røtene som strekkjer seg djupt nedover og innover og gir feste når det stormar på utsida. Ei kjensle av å vera roleg og avbalansert der kropp og sinn er fletta saman. Ei rot. Eit feste. Røter ankra  fast. Det er når vi er jorda vi kjenner oss heime.

Pusten er det beste verktøyet for å jorda seg. Kunsten er å puste djupt inn i magen. La pusten flyte roleg og sterkt og kjenne den trenge inn i alle cellene i kroppen. Gjere andedraget djupare, og få  kontakt med seg sjølv. Pusten er ankeret vårt, og til sterkare og meir bevisst pusten er, til meir jorda er ein. Kunsten er å gå inn i seg sjølv og finne ro. Det er å kome heim.

 

Kontakt Anne Markhus

Er du interessert i å kjøpe eit bilde, ønsker å skaffe deg boka eller har du rett og slett lyst til å slå av en prat? Eg ser frem til å høgre frå deg! Fyll ut kontaktskjemaet, send meg en e-post eller ring direkte. Du er hjarteleg velkomen til å ta kontakt.