Skuggen følgjer livlaus kjelda si rørsle, og vandrar mørklagt frå side til side. Slik mange lever på sida av seg sjølv fordi ein trur ein må gjere slik og leve sånn for å kome i hamn. For å kome fram. Trur ofte det andre har lært oss definert av kultur og forma over generasjonar. Men kva om vi er noko meir enn ein skugge? Ein kraftfull skapning som er i ferd med å vakne frå ein lang nattedraum. Og tar utfordringa til å fjerne illusjonar og endre trussystem.
Kunsten er å få auga på seg sjølv og leve i tråd med si indre sanning. Stoppe opp dersom ein blir pressa i anna retning enn det ein veit er rett. Ta ein grundig gjennomgang av forventningar om kva som skal skje i dag og i morgon eller i framtida. Dette gir opphavet til nye ønskjer og ein intensjon å styre mot. Intensjonar skaper handling og handling gir erfaring og erfaring er det stoffet livet er laga av. Derfor er det viktig å velje frå hjarta og bruke det som kompass å styre etter. Ganske enkelt lytte til hjarta og gjere fleire hjarteval. Vi lever livet etter det vi trur på. Våre handlingar går framfor og viser veg.
Kunsten er å la seg sjølv kaste glans over livet. Dersom ein strittar imot og overhøyrer intuitive beskjedar frå hjarta så blir ein til slutt ein skugge av seg sjølv. Tam og livlaus.