Det var simpelt gjort seier vi fordi om det verkar lite og ubetydeleg. Men det set djupe spor likevel for det rører det fundamentale i oss. Om det er lite og smått eller stor og vondt, så er kunsten å vera bevisst at det er feil og naturstridig. For det rammar rettferdsansen og respekten vår. Det gneg seg inn i sjela og gjer vondt. Dei fleste har eit forhold til simple handlingar, og dei fleste har kjent det i kroppen. Det er vondt å bli dolka i ryggen. Forsvarslaus.

Samfunnet er gjennomsyra av simple handlingar som blir aksepterer. Det er lett å bli påverka og blese i sky at det betyr så lite, og feigt bøye av for det som er rett og sant. Alle tarvelege handlingar set spor og merke i kropp og sjel, og ein har det ikkje godt med seg sjølv. Og heile vitsen med å leve er vel å ha det godt med seg sjølv. Alle som tar avstand frå simple handlingar er med å kaste lys inn i samfunnet. Og til fleire vi er til sterkare vert ryggrada i samfunnet. Innerst inne er menneske skapt for å vera sanne og ærlege. Og til meir ekte og sann ein er, til lettare er det å komme i kontakt med essensen i livet.

Kunsten er å vera saman med ekte og ærlege menneske med gode intensjonar. Dei finnes overalt for den som leitar. Og snu ryggen til tarvelege folk. Det er freistande å ta hemn. Men gjer mot andre det du vil andre skal gjere mot deg er ein enkel leveregel som har overlev sidan tidenes morgon. Ei sanning som varer evig. Eg trur det hjelper å byrja med seg sjølv og eg trur det er håp i det gode og sanne. Kunsten er å gjera ærlege handlingar og finne gode menneske å vera saman med.

Kontakt Anne Markhus

Er du interessert i å kjøpe eit bilde, ønsker å skaffe deg boka eller har du rett og slett lyst til å slå av en prat? Eg ser frem til å høgre frå deg! Fyll ut kontaktskjemaet, send meg en e-post eller ring direkte. Du er hjarteleg velkomen til å ta kontakt.