Det har alltid fasinert meg at små fuglar tar den lange reise frå nord til sør når vinteren nærmar seg og kjem trufast same vegen tilbake når det går mot varmare tider. Desse små skapningane flyg på sin innebygd autopilot, eller rettare sagt på instinktet. Dei fungerer og navigerer heilt automatisk utan så mykje som ein intellektuell tanke.

Det naturlege er fantastisk. Tenk på alt som berre skjer av seg sjølv utan at vi løftar ein finger. Ein naturleg intelligens heldt liv i kroppen. Hjarta slår, lungene pustar, blodet sprutar og håret veks. Frå morgon til kveld og frå fødsel til død. Det fantastiske byggverket kroppen fungerer på instinktet og veks heilt av seg sjølv. Det er medfødt seier vi når kroppen fungerer utan at vi brukar bevisstheten. Alt går som ei klokke utan vi tenkjer på det. Tanken er overflødig. Og dersom ein funksjon i kroppen sluttar å fungerer så får vi kunstig hjelp. Ei ny hofte eller eit batteri for å drive hjarta eller ei ny linse til å sjå med eller ein dialyse for å skilje ut giftstoff frå kroppen. Denne kunstige støtta gjer underverk når det vedunderlege byggverket treng litt hjelp.

Vi vil så gjerne forstå alt med forstanden, som nesten vert ei leiestjerne i livet. Men det er meir mellom himmel og jord enn vi skjønnar med forstanden. Ein intuisjon slår inn i kroppen og har noko på hjarta. Og samtidig veit vi inni oss at tanken eller ideen er rett fordi den harmonerer med universet. Det er akkurat som ei tråd drar litt i sjela og gir eit signal. Den er festa fast på innsida og strekkjer seg heilt ut til kosmos. Kunsten er å handle intuitivt. Og gjere som småfuglane, bruke instinktet når vi ikkje kan forstå og forklare.

Kontakt Anne Markhus

Er du interessert i å kjøpe eit bilde, ønsker å skaffe deg boka eller har du rett og slett lyst til å slå av en prat? Eg ser frem til å høgre frå deg! Fyll ut kontaktskjemaet, send meg en e-post eller ring direkte. Du er hjarteleg velkomen til å ta kontakt.