Sanninga resonnerer og gir gjenklang i oss. Det er som ein tone spreier seg utover og smeltar saman med det ein innerst inne veit er sant. Som gjenkjenning av ein gamal kjenning. Ein veit. Sansar det. Vi fornemmar den med kjenslene eller kjenner det i magen. Sanne ord kryp som gåsehud over armar og bein, det knuppar seg og ein berre veit at dette er sant. Det bekreftar noko som har vore godt gøymt på innsida. Alle har sanninga inni seg, men den er ofte dekka over av løgner og usanne påstandar. Løgna varer berre til den blir oppdaga, då smuldrar den opp og forsvinn for den tåler ikkje dagens lys. Medan sanninga er fast og urokkeleg og varer evig. Kunsten er å avdekke sanninga.

Sanninga er sentrerande. Eit balansepunkt. Midt i. Sanninga er eit formlaust punkt som berre er. Å leve i strid og kamp med sanninga skaper ubalanse. Livet kjem i ubalanse. Det ringjer ei bjølle når ein sviktar seg sjølv, men mange lar det skure å gå vidare og maskerer livet for det er ubehagelig å kjenne på sanninga. Tenker ein ting og gjer noko anna. Og jo lenger ein fjernar seg frå seg sjølv, til større blir ubalansen. Kunsten er å leve sanninga og vera sann med seg sjølv. Då blir ein sterk og balansert.

Kontakt Anne Markhus

Er du interessert i å kjøpe eit bilde, ønsker å skaffe deg boka eller har du rett og slett lyst til å slå av en prat? Eg ser frem til å høgre frå deg! Fyll ut kontaktskjemaet, send meg en e-post eller ring direkte. Du er hjarteleg velkomen til å ta kontakt.