Eg vart for mange år sidan spurt om kor eg fekk idear til maleria mine. Den gong kunne eg ikkje svare på spørsmålet. Men no har bevisstheten utvida seg og eg veit at idérikdomen kjem til meg når eg er i den tilstanden som kallast ro. Akkurat som sjøen kan ha ulike tilstander enten stormfull og voldsom eller silkemjuk blikkstille. Så for å male endrar eg  tilstand frå eit stort hovud med tankar som eldkuler til roleg intuitivt ta imot idear. Alle har kreativ sans. Det er uendeleg mulegheiter å vera kreativ på, så dei som seier dei ikkje er kreative har berre ikkje synt det fram enno. Kreativitet er evne til nyskaping enten det gjeld mat eller interiør eller å tenkje utanfor boksen. Det er eit fundament i livet å vera skapande fordi det utløyser glede og leik. Ein misser kontroll over tida, og det er så gøy at tida berre flyr.  Det er å vera glad og lykkelig. Kreativitet grip rett og slett fatt i den indre krafta og gjer ein sterkare som menneske. Kunsten er å vera skapande i eige liv. Livet har uendelig med muligheiter og kreativiteten opnar opp for å sjå dei.

Kontakt Anne Markhus

Er du interessert i å kjøpe eit bilde, ønsker å skaffe deg boka eller har du rett og slett lyst til å slå av en prat? Eg ser frem til å høgre frå deg! Fyll ut kontaktskjemaet, send meg en e-post eller ring direkte. Du er hjarteleg velkomen til å ta kontakt.