Sol i hjarta og sol i sinnet

Sol inne og sol ute. Alt er strålane vakkert. Det mjuke auga ser grøne blad vifte på greina og blomen sine små kornblad opnar opp for å vise seg fram. Ei fjellkjede tylla inn i dis lagar mjuke former i landskapet og toppane stikk opp som skjær i sjøen. Vinden stiltrar seg fram og klappar forsiktig på kinnet, og ein blir gloheit av glede og ro. Eit slør av lykke. Alt det vedunderlege fyller opp kroppen til begeret renn over og orda manglar eller vert for små. Her er så fint, finaste plass på jord.

Når det er sol i hjarta er alt vakkert. Hjarta er proppfullt av roseraude skyer og ei kjensla av forelsking renn gjennom kroppen. Kunsten er å gleda seg over dei små ting i livet. Og sjå det store i det litle. Din første tanke om morgon kan farge heile dagen. Det kan vera varme rolege tankar eller miserable tunge tankar. Tunge utslitne sinn pregar ofte auga som ser. På grå dagar herjar tanken i hovudet og jage stress gjennom kroppen. Det er fort gjort å svartmale ein vakker dag.

Alle fargar vi våre eigne dagar. Både i solskin og regn ligg alt det vakre rundt omkring. Men det indre set farge på det ytre. Og det indre er uavhengig av ytre solskin for å stråle ut. Kunsten er å vera takknemlig. Og leite etter små mirakel som dagen er full av. Kunsten er å opne sinn og hjarte, sleppe sola og takka strøyme ut.

Kontakt Anne Markhus

Er du interessert i å kjøpe eit bilde, ønsker å skaffe deg boka eller har du rett og slett lyst til å slå av en prat? Eg ser frem til å høgre frå deg! Fyll ut kontaktskjemaet, send meg en e-post eller ring direkte. Du er hjarteleg velkomen til å ta kontakt.