Mange drøymer om å vinne den store gevinsten i lotteriet. Mange millionar pengar skal realisere draumane om eit betre liv. Derfor set vi livet på vent. Men dei aller fleste ligg i grava utan gevinsten.
For å oppleve betre tider i livet så er det einaste ein treng å vera modig og vite kva ein vil. Pengar er berre eit skalkeskjul for å fortsetje som før. Men frykta for morgondagen ulmar med tankar om å få nok mat på bordet og tak over hovudet. Då er det viktig å hugse at fuglen finn mat når den treng mat. Og slik tar livet vare på alle skapningar. Kunsten er å ta små steg i rett retning, så vil ting ordne seg til slutt. Men fornufta pressar ein opp i hjørnet og piskar iskalde gufs av redsel. Den formanar at å ta sjansar er farleg og alt kan gå galt og ende i katastrofe. Livet lagar gnagsår på innsida. Ei gnagande uro. Og til større såret blir, til større er smerta. Det vi har vondt med i dag vil eskalere i morgon. Å leve misfornøgd påverkar helsa og kan gi fysiske plager. Og til slutt stengjer det ned hjarta. Livsgnisten er borte. På tross av hjarteropet frå innsida lar ein fornufta råde og fortset å drive med i straumen av plikter og forventning. Og ei fastspikra tru på at alt er umuleg.
Vår største jobb i livet er å ta vare på oss sjølv og få kontakt med gleda. Forandring skjer først når ein endrar retning. Og vågar å gjere eit val i tråd med hjarta. Dei dødssjuke angrar ofte på det dei ikkje gjorde. Kunsten er å vera modig før det er for seint.
Livet har andre grunnelement enn å bekymre seg for i morgon. Og livet sine lover fungerer med først å handle for å leve ut ein ny kvardag, og etterpå kjem støtte og styrke. Vår største jobb i livet er å ta vare på oss sjølv. Forandring skjer først når ein tar ansvar for å utvide bevisstheten og bringe den inn i kvardags livet. Livet er å vera ro og fred og ha eit hjarte som sender ut sprudlande bobler. Alle som har våga å gjere eit val i tråd med livet snakkar om denne gleda. Og dei dødssjuke angra på det dei ikkje gjorde. Kunsten er å vakne før det er for seint.