Vi har alle kvart vårt energifelt rundt kroppen. Og vi pluggar kontakten inn i andre. Og vi brukar kvarandre sine nettverk. Men å lade opp gjennom andre skaper ubalanse og gir lite opplading.
Nokre ladar seg flittig opp i samvær med andre, medan andre blir utlada og tomme. Slik er det tross alt ein balanse oppi all ubalansen. Pluggar oss inn på jobben i samspelet eller heime i nære relasjonar. Stikk støpselet inn i nettverket for å få aksept for å tru på seg sjølv eller få vite kva andre meiner. Og nokre er avhengige av andre menneske slik at energien kjem i ubalanse. Eller brukar andre sin energi for å manipulere.
Kunsten er å trekke støpselet ut og hente næring direkte frå kjelda. Vi går alle rundt som ein levande maskin, og lagar straum til det underverket som er kroppen. Den skaper energi for å halda kroppen sine hjul og drivverk i funksjon, og fylle energi i alle energihjula som spinn rundt i kroppen. Kunsten er å plugge ut og kvitte seg med andre sin energi som heng fast.