Når livet blir meiningslaust kan ein kjenne seg meir død enn levande. Lik ein mekanisk robåt som fullfører plikter og ansvar og pressar seg sjølv både fysisk og mental. Og ligg våken halve natta og vrir seg i hjelpelause tankar. Å fungere utan å leve er å setje livet på vent.
Tanken er basta og bunde fast, medan fridomen ligg på utsida. Som ein lengsel. Alt er i vegen og ingenting er muleg. Ein takkar nei til å gå ein luftetur for det er travel og andre ting er viktigare. Så fordi om hjarta eigentleg drøymer om ein fredeleg spasertur, så overhøyrer ein hjarteropet. Kroppen lengtar etter å vera fri, men så pressar vi fast livet i ein timeplan utan fridom. Eller tomme dagar. Og finn gode forklaringar på kor vanskeleg det er å kome laus. Eit fastlåst tankemønster. Eit trussystem. Sigrid Undset hadde seks barn og ein mann å ta vare på, og omsorg og plikter tok heile dagen og vel så det. Derfor skreiv ho om natta. Ho tok seg tid. For mange år sidan tenkte eg; kan Sigrid Undset ha tid, så kan eg og. Sjølv i travle kvardagar er det tid å leve.
Vi er opplært til å tenkje fornuftig og planlegg pensjon og setje livet på vent til seinare ein gong. Eg trur det ligg i blodet vårt. Men ting legg seg til rette meir enn ein anar dersom ein berre vågar å snu tanken. Ingen treng gjere endringar over natt, men ein treng bevisstgjere kva som gjer livet levande og kva som er dødt. Kunsten er å leve kvar dag.