Tanken om andre si lukke kan slå eiga lukke i hel. Det er tankar om kvikklunsj og kvite vidder på fjellet. Eller tankar om fjerne strøk med solvarme strender og sjø. Det er lett å grave seg djupt ned i tunge kjensler, medan andre er på farten og har det gøy. Smerta riv i det indre. Tankar surrar og går om alt ein ikkje har som alle andre har.

Men ingen finne lukka med å spegle lukka gjennom andre. Likevel kjem tanken snikande som ein tjuv og stel lukka. Og sinnet har slett ikkje til hensikt å løfte opp, det prøver å binde fast og lar ego-et vokse og breie seg ut. Det negative tar stor plass. Tar all plass. Kunsten er å rive seg laus frå jerngrepet og snu den andre sida til. Bruke kraft og vilje til å jage tunge tankar bort. La vrangsida bli usynleg og svelte i hel. Rett og slett nekte tjuven innpass til sitt eige hus. Kunsten er å få kroppen i rørsle, ut å gå ein tur. Og gi rom for positive lette tankar og vera glad. Det er ikkje kva andre opplever som er problemet, men ganske enkelt at ein gir rom for dette i sitt eige sinn.

Kunsten er å snu fokuset og sjå god sida av livet. Då smeltar det vonde bort. Kunsten er å reinske sinnet reint og fritt, og fjerne vonde tankar. Og med eit reint og fritt sinn, så er livet lyst og lett. Då betyr det ingenting kva andre gjer.

Kontakt Anne Markhus

Er du interessert i å kjøpe eit bilde, ønsker å skaffe deg boka eller har du rett og slett lyst til å slå av en prat? Eg ser frem til å høgre frå deg! Fyll ut kontaktskjemaet, send meg en e-post eller ring direkte. Du er hjarteleg velkomen til å ta kontakt.