Det er fritt å kome ut blant folk som ein er. Det signalisere å vera seg sjølv i eit trygt ope rom. Ein kjenner seg laus og ledig og hemningar renn bort.

Å treffe folk akkurat som ein står og går kjennes kanskje litt sjuskete ut. Derfor bytte ein ut dei mjuke koseplagga ein travar rundt i aleine og kler seg i finstasen eller passande antrekk og pyntar fasaden. Men kroppen kan og endre seg ute blant folk. Armar og bein knytte seg saman og skapar avstand. I møte med framande menneske blir maska stiv og framtoningar ein nyanse forandra. Skjuler sinne eller dekker over ting ein er ueinige med fordi om det går på tvers av det som er rett i sjela. Har orda på tunga, men torer ikkje uttrykke dei. Kunsten er å observere korleis kropp og tanke og handlemåte endrar seg i samspel med andre. Slik at ein kan løyse opp og kvitte seg med sperrene.

Å forløyse tankar og kjensler som bind fast fridomen er å bli lealaus og fri. Ingen klarer å kome som ein er dersom ein drassar på usynlege band som bind fast. Å vera som ein faktisk er, er å kle av seg alle reaksjonar i møte med andre og vera naturleg og ekte. Kunsten er å kjenne seg glad og trygg i alle situasjonar.

Kontakt Anne Markhus

Er du interessert i å kjøpe eit bilde, ønsker å skaffe deg boka eller har du rett og slett lyst til å slå av en prat? Eg ser frem til å høgre frå deg! Fyll ut kontaktskjemaet, send meg en e-post eller ring direkte. Du er hjarteleg velkomen til å ta kontakt.