Vi trenar kroppen for å bli lettare til beins og bøyer og tøyer og rører den rundt. Og opnar opp for nye sprang i livet. Men sinnet er vondt å vende. Dette usynlege tøyelege bandet som vi kallar menneskesinn kan lett stivne med forut inntatte meiningar om kva som er muleg og det andre utanfor som er uoppnåeleg.

Barn er fleksible fordi det er slik vi er når vi er barn. Før vi lærer noko anna. Men med åra gror ting fast og blir meir stivbeint. Og motstand set seg fast i kroppen. Alle cellene i kroppen fornyar seg kvart sjuande år, så det er ingen grunn til å tru at ein gamal mann er mindre fleksible enn ein ungdom. Men vi lagar bilde av at slik er det. Og alt lagrar seg i sinnet som faste sanningar. Kvardagar går over i rutine og kvar dag vert likare og likare. Programmert inn på fast program som går i surr viss det blir kluss i maskineriet. Går same runden på kveldsturen, til same tid og same retning. Går ein motsett retning, eller baklengs som nokon seier, så blir ein full av undring og kjenner nesten ikkje vegen igjen. Det er vanskeleg å snu ting på hovudet, men fullt mulig.

Kunsten er å trene sinnet fleksibelt med å tømme ut gamle tankemønster og haldningar. Finne tilbake det ungdommelege suset med eit ope sinn. Kunsten er å strekke seg ut av sitt gode skinn og tøye grenser.

Kontakt Anne Markhus

Er du interessert i å kjøpe eit bilde, ønsker å skaffe deg boka eller har du rett og slett lyst til å slå av en prat? Eg ser frem til å høgre frå deg! Fyll ut kontaktskjemaet, send meg en e-post eller ring direkte. Du er hjarteleg velkomen til å ta kontakt.