Dagane flyt avgård og alt glir inn i kvarandre. Aktiviteter finn sin plass og blir gjort i naturleg rekkefølgje. Og den indre klangen fortel kva gjeremål som er nestemann for tur. Alt flyt som ei harmonisk elv utan klokkeslett og avbrot og tidsplan som skal følgjast.
Kunsten er å få dagane til å bli harmoniske og fulle av rett rytme. Vi klagar på andre og ansvar og klokkeslett og plikter og faste band medan vi dinglar som ei marionettedukke. Men det velorganiserte er trygt og godt.
Lister og planar og aktiviterer på ei lang snor inn i framtida. Men når dagen renn opp så kjem ting i vegen og planar blir endra på tross av god planlegging. For å presse gjennom planar som møter hindringar i vegen går fort i utakt med livet. Synkronien med universet manglar. Så la det vente til ein anna dag. Og ha tillit til at alt blir som det blir uansett. For dagen lever sitt eige liv.
Kunsten er å la kvar dag bli flytande og røre seg i harmonisk rytme med fridom og fleksibilitet og gir rom for det uventa. Og gi kvar dag meir tomrom. Alt legg seg til rette i rette folder dersom ein slepper litt på taket. Og la ting falle på plass av seg sjølv.