Vår indre kraft gir styrke i motgang og medvind. Den flyte rundt i kroppen som ei usynleg elv. Og renn gjennom trådane i nervesystemet. Kunsten er å få kontakt med denne krafta.

Alle krefter er fysiske naturlover. Ingenting er mystisk eller unaturleg, alt er definert i fysikken. Tyngdekrafta drar nedover og akselerasjonskrafta gir fart på bilen. Dynamoen lader bilbatteriet med straum frå motoren slik energipunkta i kroppen ladar oss opp. Det er ei kraft som får den vakre blomen til å spire og gro og blomstre, men denne krafta er foreløpig ukjent for vitenskapen. Vår indre kraft kan og få oss til å blomstre og stråle. Men når vi har lite energi er vi trøtte og går for halv maskin. For når kroppen arbeider med lite energi er det jammen ikkje godt å ha overskot. Det er berre fysisk naturleg. Slik eit nesten utlada batteriet på ei lommelykt lyser mindre enn eit med god effekt. Det er enkelt med dårlege batteri for då skiftar vi dei berre ut. Det er verre med kroppskrafta, for det er ikkje alltid vi veit kva vi treng for å lade oss opp. Eller kanskje vi veit kva det er, men finn ikkje rom og tid til å få fart på det. Livskraftig mat er fundamentalt. Å vera i aktivitet og røre alle ledd og krinkelkrokar frå topp til tå gir energi. Men viktigast av alt er pusten. Livspusten fraktar energi rundt gjennom alle energibanane i kroppen. Som ei elv fossar oksygen gjennom systemet. Og der elva har tørka inn og vatn stoppar opp, er kunsten å løyse opp i kanalsystemet slik at den indre krafta på ny stråler ut.

Kunsten er å bli bevisst denne krafta som jage gjennom oss kvar dag.

Kontakt Anne Markhus

Er du interessert i å kjøpe eit bilde, ønsker å skaffe deg boka eller har du rett og slett lyst til å slå av en prat? Eg ser frem til å høgre frå deg! Fyll ut kontaktskjemaet, send meg en e-post eller ring direkte. Du er hjarteleg velkomen til å ta kontakt.