Vi samanliknar oss med andre frå vi er små til vi er gamle. Alltid ein tanke på korleis vi er i forhold til den og den. Samanliknar kroppen og kler og bilen og pengar ein tener. Det er konkurranse på alle kantar, alt skal verdsetjast på ein skala frå ein til ti. Og så kjenner ein seg mindreverdig når ein fell utanfor. Alle vil vera best i eit samfunn som verdset konkurranse og rangerer alt frå topp til tå.

Vi er fødd med instinkt for å konkurrere, og med er lite stikk så vaknar det til liv. Eit instinkt til å handle utan å tenkje over det ein gjer. Det var ei breirumpa dame som sykla forbi meg, og då tenkte eg – eller tenkte eg? Utslaget var å halde følgje eller aller helst sykle forbi. Eg klarte så vidt å halde tritt, og pressa meg forbi hyggelege bilistar, kjørte på tvers over vegen og susa forbi fotgjengarar. Sola og den vakre stillheten var søkk borte. Ja slik kan ein suse forbi livet til ingen nytte og med få sanseinntrykk.

Det vi søkjer er å få stadfesta eigen verdi. Men det er ein forvrengt tanke at vi skal bevise vår eigen verdi med å vera best. Kunsten er å snu bilde i hovudet på at alt skal rangerast og premierast, og faktisk akseptere og verdsetje seg sjølv utanfor ein vertikal skala frå ein til ti. Då falme og bleikne den egoistiske ringen og ein kan ta tilbake eigenverdi utan å la samfunnet drepe trua på seg sjølv. Vi er alle verdifulle.

Kontakt Anne Markhus

Er du interessert i å kjøpe eit bilde, ønsker å skaffe deg boka eller har du rett og slett lyst til å slå av en prat? Eg ser frem til å høgre frå deg! Fyll ut kontaktskjemaet, send meg en e-post eller ring direkte. Du er hjarteleg velkomen til å ta kontakt.