Det er ein kunst å leve langsamt i eit samfunn som går fortare og fortare. Å gå sakte fram for å ta inn over seg det ein møter på vegen. Og ikkje springe forbi. Dvele ved inntrykk som pressar på. Observere menneske som kryssar vår veg og kanskje sende eit smil. Ta seg tid å sjå den strålande blomen i vegkanten og lukte den søte lukta. Kjenne etter kva som rører seg og spirer og gror i naturen, og vera ein del av samspelet.

Og leve langsamt nok til å gripe fatt i det som treffe hjarta. Stoppe opp og ta imot. Pakke ut som ei gåve og kjenne etter kva dette treffet ville gi. Og så sleppe det og etterpå vera fri. Leve langsamt nok til å verne seg slik at ein ikkje blir bombardert med andre sine kjensler. Unngå å vera statist i andre sine spel og på den måten delta i å sende kjensler frå den eine til den andre. Vera bevisst på å legge problemet frå seg der det høyrer heime. Men det er vanskeleg å leve langsamt når runddansen går fort.

Å halde tempo er veldig travelt. Det suger som ein sentrifuge og der blir ein hengjande fast. Men mange slepper taket, og tar sjansen på at livet fungerer fordi om det går sakte. Eller naturleg tempo rettare sagt. Menneske er ikkje skapt for å strekkje seg utover naturlege lover. Kunsten er å vera i balanse med seg sjølv. Vera like mykje jorda som ein er oppløfta i hovudet. Reinske hovudet for tankar og fylle kroppen med antenner som fungerer. Få ballasten på rett plass og finne balanse. Kunsten er å ha rett tempo i kvardagen.

Kontakt Anne Markhus

Er du interessert i å kjøpe eit bilde, ønsker å skaffe deg boka eller har du rett og slett lyst til å slå av en prat? Eg ser frem til å høgre frå deg! Fyll ut kontaktskjemaet, send meg en e-post eller ring direkte. Du er hjarteleg velkomen til å ta kontakt.