Vi reiser snart bort halve livet vårt. Kanskje påstanden er litt i overkant og reint statistisk er det vel ikkje dekning for den. Så la meg moderere det til at mange reiser mykje i samfunnet. Og det er heilt sant. Vi reiser til jobb, og vi reiser heim frå jobb og vi reiser i helgene og vi reiser i vekene og vi reiser til kurs i mindfullness og vi reiser til venner og familie på besøk. Vi reiser med fly og tog og båt og bil og buss og skal raskt fram. Men nokre gonger proppar det seg og stoppar opp, og reisa finn sitt naturlege tempo.
Det er ein livsstil å reise på ferie og helgetur og kvar dag ut og inn døra for å rekke eit eller anna. Og det er ingenting galt i å røre seg rundt. Til tider er det faktisk ganske gøy og inspirerande å kome ut å sjå nye stader, treffe nye menneske og få ny frisk giv og luft under vengjene. Menneska har til alle tider vore på reisefot, men det var kanskje ei større hending tidlegare. Å reise langt var meir sjeldan og noko spesielt. Folk levde på same staden heile livet utan å flytte seg så mange kilometer frå heimen. No reiser vi halve jorda rundt utan å fortelje det til naboen. For det er ikkje så spesielt lenger. Og kofferten står ferdigpakka standby for å gjere det enkelt.
Det er tankevekkjande kor mykje vi er reiser og kor lite vi slår oss til ro heime. Å vera på farten drar uro inn i kroppen. Og litt er positivt, men ikkje for mykje. Det er denne uroa som er så merkbar i samfunnet. Flakkande menneske som fyk rundt. Alltid på farten skrikande etter å finne ro og fred i kropp og sinn. Kunsten å finne indre ro er lettast når ein er fysisk i ro.