Vi har alltid vore stolte av landet vårt. Vi var trauste og pålitelege. Med sparsam levemåte og ære i arbeidet bygde nordmenn opp landet frå nesten ingenting til eit land som tok vare på alle. Vi var bunde saman i dugnad og likeverd og fellesskap. Og tillit til kvarandre. Velferdsstaten voks fram og flagget vaia.

Å ha tillit til kvarandre og til myndigheiter er eit kjenneteikn på den norske folkesjela. Då Erna stod på podiet og sa vi måtte ta vaksine for å ta vare på kvarandre var det nesten rørande korleis folk gjekk mann av huse og gjorde som dei fekk beskjed om. Eit anna eksempel er avsløringar om korrupsjon og maktmisbruk og nettverk langt utanfor vår fatteevne. For når tilliten er høg blir sjokket stort når sløra fell. Tida vil vise kor langt trådane strekker seg innover og nedover i systemet. Men tilliten har fått eit alvorleg sår. Å ha sunn skepsis er nyttig, men å vera naiv eller bli lurt er baksida av tillit som vi bør lære å handtere.

Misbruk av naturen kan skape kjensle av avmakt. Ei stille sorg. For nærleik og tilgang til naturen er vesentleg for nordmenn og kanskje fundamentet i den norske folkesjela. Sterke marknadskrefter har tatt seg til rette og raserer naturen. Nokre få kavar til seg rikdom og ressursar ved å hauste av våre felles naturressursar utan at det kjem folket til gode. Slike sår stikk djupt.

Plutseleg vart landet rikt og pengesterkt nesten utan at vi løfta ein finger. Den nøysame levestilen gjekk i oppløysing. Overflod vaks fram og pengar vart beundra. Mange mista kontakten med den nære og sunne livsstilen og vart grådige. Den stolte delen av folkesjela byrjar å skjemmest. Og til meir vi ser til mindre er det å vera stolt av.

Folkesjela vår er såra og det raknar i alle kantar som eit såra stykke strikketøy. Men ei sterk ryggrad kan bære oss over til nye tider. Og slå ring om verdiane tillit, natur, ekte arbeid og eit enkelt liv. Kunsten er å kjempe for alt vi har kjært.

Del innlegget:

Kontakt Anne Markhus

Er du interessert i å kjøpe eit bilde, ønsker å skaffe deg boka eller har du rett og slett lyst til å slå av en prat? Eg ser frem til å høgre frå deg! Fyll ut kontaktskjemaet, send meg en e-post eller ring direkte. Du er hjarteleg velkomen til å ta kontakt.