Eit kaotisk verdsbilde

Det politiske bilde av verda i dag er kaotisk og på vippen til galmannsverk. Med maktstrukturar som kjempar mot kvarandre. Det gamle verdsbilde vårt er rivna i stykkar. Men det er lenge sidan vi har gjennomskoda og mista tillit til dei politiske systema. Og skal det skje grunnleggande endringar er det gjerne effektivt slik det skjer no. Vi har sett hierarki med all makt samla på toppen. Gjennomsyra av korrupsjon og maktmisbruk. Regime som undertrykker folket sitt. Og system der ingen er å stole på. No er vi tidsvitne til at det gamle er i ferd med å sprekke i stykkar. Ting kjem til overflata. Eg trur ikkje ting er blitt verre, det er berre blitt synleg. Gardinene er trekt til side og vi ser kva som skjer.

Det er to måtar å forhalda seg til dette slik eg ser det. Den eine er å bli lamma av frykt i redsel for ein ny verdskrig. Ha sterke meiningar om alt i det ytre, og miste trua på framtida. Den andre reaksjonen er å ta plass på galleriet og sjå kva som utspeler seg på scenen. Berre observere. Og ha trua på at dette er eit steg på vegen til ei betre framtid for menneska. Der det gamle spelar seg ut for å bli sett. Og spelet er i full gang og må fullførast. Og til meir vi får vite, til større del av spelet skjønar vi. Det er ingen veg tilbake. Alt er ein overgang. Alt ordne seg.

Vi treng å erfare denne galskapen vi ser ute i verda for å bli kvitt dei gamle politiske systema. Det er ei vond erfaring, men utan å forløyse det blir det ingen endring. For tida er inne for å ta makta tilbake til folket. Kunsten er å ha tillit til at alt går bra.

Del innlegget:

Kontakt Anne Markhus

Er du interessert i å kjøpe eit bilde, ønsker å skaffe deg boka eller har du rett og slett lyst til å slå av en prat? Eg ser frem til å høgre frå deg! Fyll ut kontaktskjemaet, send meg en e-post eller ring direkte. Du er hjarteleg velkomen til å ta kontakt.