Reglar på ville vegar

Det forundrar meg å leve i eit samfunn om trer usunne reglar ned over hovudet på oss. Eller godkjenning og vedtak for den saks skuld som strider mot det beste for folket. Det minner om Mao sitt kinesiske eksperiment med matproduksjon. Reglar utan meining får oss til å riste litt på hovudet og blir oppgitte før vi blir likegyldige.

For eksempel har dei høgare makter pålagt pasient drosjer på Finnmarksvidda å køyre elektriske bilar. Lange avstandar og vêrharde forhold på vinterstid kan føre til livsfarlege situasjonar. Likevel er det innført. No går diskusjonen om å pålegge elektriske brøytebilar. Igjen er det viktige oppgåver som skal utførast i kampen mot strie naturkrefter. Det er ikkje vedtatt enno, men følgjer vel same oppskrifta vi har sett så mange gonger før. Folk med sunt bondevett ropar opp mot galskapen. Men blir klubba ned før regelen blir godkjent. Eit anna eksempel er å forby vedovn i hus og leilighet fordi det forureinar lufta. Og gjer oss svært sårbare dersom kulda set inn og straumen sluttar å fungere. Eg trur ikkje det er vedtatt enno, men eg veit dei diskuterer å innføre dette i Europa, som vi også blir pålagt. Dei vil heller vi skal fryse i hel enn å bruke sunt folkevett. Eg var på kino her ein dag og såg ein barnefilm. Då var lyden øyredøyvande høg og eg spurte om dei kunne setje ned lyden. Då fekk eg vite at reglane er sånn, og dei reglane er i alle fall ikkje tilpassa mine øyrer.

Lista med håplause reglar er lang, det er berre å sjå seg rundt. Kunsten er å opne auga og setje ord på det vi ser. Vi må ta saken i eigen hand og bryte reglane, og håpe på å overleve dei økonomiske konsekvensane. Det er naturstridig at ulogiske reglar kan overleve.

Del innlegget:

Kontakt Anne Markhus

Er du interessert i å kjøpe eit bilde, ønsker å skaffe deg boka eller har du rett og slett lyst til å slå av en prat? Eg ser frem til å høgre frå deg! Fyll ut kontaktskjemaet, send meg en e-post eller ring direkte. Du er hjarteleg velkomen til å ta kontakt.