Det er naturstridig at eg veit kven Taylor Swift er fordi alle mine kanalar på den type underhaldning er stengt. Men når ho blir løfta opp og fram av mainstream media så kan heller ikkje eg unngå å høyre om henne. Eg leste ho var på fotball kamp med kjærasten. Det var då det ringte ei bjølle hos meg, her har media ein baktanke. Det er noko dei skal bruke denne kvinna til, tenkte eg. Og ganske rett. Like etterpå var det stort oppslag – i mainstream media – at det svirra konspirasjonsteoriar og fy og fy og alle dei villfarne menneska sa at Taylor Swift skulle brukast i presidentvalet. For meg var det ingen konspirasjons teori, for meg var det ei kjennsgjerning som eg verifiserte med sannings-sansen min som ligg inni meg. Eg avslørte at mainstream media hadde ein strategi, men visste sjølvsagt ikkje korleis kvinna skulle brukast. Og det var ein skare av menneske som avslørte det same derfor gjekk mainstream media kjapp ut for å forsvare seg med å gjera dei til latter.
No er presidentvalet i gong og vi har fått bekrefta at Taylor Swift er kjøpt og betalt av mainsteam media. Prisen ho betalar for all omtale er å støtte Kamala Harris i presidentvalet. Det kom i stort oppslag på nyhetene samtidig med omtalene av debatten mellom Trump og Harris. Og rett etterpå vart ho tildelt nokre prisar, og i same andedrag som det vart publisert fortalt dei at ho støtta Kamala Harris. Det høyrtest ut som to sider av same sak.
Og viss du lurer på kor eg les nyhetene, så les eg nettsida til NRK. Og viss du lurer på kvifor amerikanske mainstream media har så intenst stor påverknad på nyhetene i Norge, så kan eg ikkje svare deg. Det lurer eg og på. Så vidt eg veit eig amerikanske medium 48% av Schibsted. Men det forklarer likevel ikkje kvifor vår nøytrale uavhengige NRK er så opptatt av Taylor Swift. Men det dette avslører er korleis mainstream media bygger opp historier for å styre menneskemassen i den retninga dei ønskjer.