Det er mange teikn i tida på at finans markete er på randa av stupet, vi treng ikkje vera store spåmenn for å sjå det. USA si statsgjeld har passert 34 000 000 000 000 dollar og berre rentene er så store at gjelda utvidar seg eksponentielt på kort tid. Talet er utanfor fatteevne, men vi skjønnar såpass at det er naturstridig og det kan ikkje fortsetje i det uendelege. Ein vakker dag sprekker det. Når pengesummar manglar rotfeste og jording med det verkelege livet, kan ting fort rotvelte. Det er heilt naturleg at treet fell når rota sviktar.

Gjennom mange år har samfunnet nørt opp under beundring for pengar. Til meir pengar til fleire beundrande blikk. Og til høgare veks pidestallen. Avisene yndar å fortelje om pengar slik at nokon blir oppheva og dei fleste blir nedtrykte. Det er blitt banka inn i oss at vegen til lukka er pengar, så vi er byrjar å tru på det. Vi er blenda. Leiarlønningar til tosifra million beløp i tillegg til bonus utbetaling er ingen arbeid verdt spør du meg. Bankar tener seg rike på undersåttane, som betalar renter og slit for å få endane til å møtast. Det er eit sjukt system, og det kan ikkje overleve. Utbygging av vindkraft gir utbytte i stort mon før produksjonen av straum i det heile tatt er starta, det er eit pengesystem som strider mot all sunn fornuft. Fotball spelarar og kontraktar og pengesummar flyt frå den eine til den andre, men ingen er verd mange millionar for å spele fotball spør du meg. Og eg lurer på kor desse pengane kjem frå. Vi er blitt så oppflaska på store pengesummar at vi har mista gangsynet.

Det er naturstridig at eit knippe menneske skal eige over nitti prosent av alle pengane i verden. Vi er på villspor når nokre få vert rikare og rikare, medan andre manglar mat. I eit friskt samfunn er det rettferdig fordeling av verdiar slik at alle har det dei treng og blir tatt vare på. Vi kan skape eit dagleglivet utan at det handlar om å overleve. Vi kan endre systemet slik at pengar ikkje lenger kan brukast til å kontrollere og ha makt. Vi kan endre oppfatning av pengar slik at dei ikkje lenger er ei drivkraft for eksistensen i livet. Og vi kan bli fri slik at vi ikkje lenger er slavar av pengesystemet. Pengar er berre energi og vi kan slutte å gi pengane makt over oss. Kunsten er å skape nye sunne pengesystem.

Kontakt Anne Markhus

Er du interessert i å kjøpe eit bilde, ønsker å skaffe deg boka eller har du rett og slett lyst til å slå av en prat? Eg ser frem til å høgre frå deg! Fyll ut kontaktskjemaet, send meg en e-post eller ring direkte. Du er hjarteleg velkomen til å ta kontakt.