Ein verden full av frykt

Verda er farleg og i natt vart det endå farlegare å leve på jorda leste eg. Underforstått meir krig og det opne spørsmålet kor endar det. Nyheiter presentert på svarte banner skaper frykt. Krig og vondskap bli pressa på oss fordi om dei aller fleste vil leve i harmoni med kvarandre. Folk flest håpar og ventar på betre tider på jorda. Men frykta heldt oss tilbake.   

Vonde inntrykk treff hjarta. Kjenslene renn smertefullt gjennom kroppen. Mange reagerer med sinne, andre blir triste og oppgitte. Og nokre blir redde. Vi tar ting lettare innover oss no og dette er ingen innbilling. Vi er faktisk meir sensitive og kjenslevare enn før fordi frekvensen i kroppen har auka. Den har auka i takt med dei store prosessane som har skjedd på jorda dei siste åra. Vi kan ikkje bevise det, men kjenner det likevel. Å vera på høgare frekvens er å kjenne og føle meir. Og vite meir. Kunsten er å erfare kjensla. Stå i seg sjølv, kjenne det ein kjenner, føle det som boblar opp og så gi slepp på kjensla. La den forløyse seg for så å forsvinne ut av sinnet.

Før var hemn den vanlege tankemåten og den tanken gjentar historia. Skal vi bryte mønsteret må vi bryte tankeforma. Tilgiving er einaste vegen for å skape ny historie. Fordi om det motsette spelar seg ut i det ytre rom, så skjer evolusjonen gjennom kvar enkelt av oss og det er vi som har makt til å snu tanken og tenkje nytt. Å endre oppfatning er å endre trussystem.

I tillegg kan vi endre fokuset. Alt vi gir fokus blømer og blir større. Derfor kan vi slutte å gi næring til det vonde ute i verda. Slutte å sjå nyheitene med svart bakgrunn. La det vonde få utspele seg til det vonde er over utan å involvere seg med ord og tankar. Berre medkjensle. Denne tanken eller trua kan vera vond å svelgje, men frykta forsvinn i alle fall. Og vår indre energi blir lettare og glad.  

Vi skaper livet med det vi set søkelys på. Vi ser det mørke, men kan stige opp i lyset. Saman kan vi finne fred på jord. Kunsten er å skifte fokus bort frå tung energi i den ytre verda og finne gleda som spirer i det indre. Og slik endre verda frå innsida og ut.  

Kontakt Anne Markhus

Er du interessert i å kjøpe eit bilde, ønsker å skaffe deg boka eller har du rett og slett lyst til å slå av en prat? Eg ser frem til å høgre frå deg! Fyll ut kontaktskjemaet, send meg en e-post eller ring direkte. Du er hjarteleg velkomen til å ta kontakt.