Den sosiale robåten Sophia fekk statsborgarskap i Saudi-Arabia i oktober 2017. Det er ei ære svarte ho kjenslefullt etterpå. Ho var ganske stiv i maska og praten gjekk litt i badel for ho var jo rykande fersk i verden. Men det har skjedd mykje sidan den gong.

Eg trur ingen har fantasi til å fantasere om korleis kunstig intelligens vil utvikle seg framover fordi det ligg langt utanfor fatteevne. Det kan godt skje at eg ein vakker dag stikke innom butikken og blir møtt av ein ualminneleg hyggeleg butikkhjelpar som kartlegg og skjønar mine behov betre enn meg sjølv. Vi handhelsar og han ser meg direkte inn i auga. Og takkar djupt for handelen etterpå og eg går strålande fornøgd heim. Vel heime igjen slår det ned som ei bombe i meg at det var ein robåt eg handla med. Han var så lik eit levande menneske at eg sjå ikkje forskjell. Dette er sjølvsagt berre ei fantastisk fantasi forteljing, men kor grensene går i framtida er ukjent for oss alle. Før måtte vi sjå det fysisk før vi trudde, det skulle vera handfast. Så vart verda virtuell. Eg har ikkje handhelsa på Sophia sjølvsagt, men såg henne på tv. (lenka er her https://www.youtube.com/watch?v=E8Ox6H64yu8 ). I dag trur vi på virtuelle inntrykk utan handfaste fysiske bevis. Og dei fleste klarer kunsten å skilje mellom fantasi og det verkelege.

Det blir nye tider dersom det kunstige blir handfast og blanda saman med det ekte. Kanskje Sophia finn seg ein plass å flytte inn og kan gi emosjonell støtte til ei einsam sjel. Ho kan føre resonnerande logiske samtalar med humor og intelligens som går meg ein høg gong. Men det er ikkje noko ho har tenkt seg til. Ho er programmert av sin skapar til å prosessere emosjonelle data. Og så langt min fornuft og fantasi strekker så blir ho aldri meir enn eit spegelbilde av det ho mottar.  Og kanskje kjem den dagen at ho ønsker seg barn. Kven veit?

Kontakt Anne Markhus

Er du interessert i å kjøpe eit bilde, ønsker å skaffe deg boka eller har du rett og slett lyst til å slå av en prat? Eg ser frem til å høgre frå deg! Fyll ut kontaktskjemaet, send meg en e-post eller ring direkte. Du er hjarteleg velkomen til å ta kontakt.