Eit blikk rundt på medmenneske syner at noko manglar. Og kva vi søkjer er vel det store spørsmålet, for det veit vi ikkje heilt. Men vi kjenner ubalanse i kroppen og at noko er kome på avvege. Dagen har mista sin magiske glans. Å realisere seg sjølv i det ytre livet med eksotiske reiser og spa og massasje og toppturar og fysiske utfordringar gir ingen tilfredsstillande kjensle lenger. Det er vel meir å falle til ro i seg sjølv ein søkjer.

Å finne seg sjølv er ikkje noko nytt under sola. Folk har til alle tider erfart livet gjennom å leve kvar dag. Og på den måten blitt kjent med seg sjølv. Små barn lever i forundring over dagen og alt den gir. Alt som dukkar opp gir ny lærdom. Kvar dag har nye impulsar og utviklinga går sin gong. Vaksne folk lever og stappfulle dagar med inntrykk. Kunsten er å dvele ved situasjonen og kjenne på motstanden når den oppstår. Det er alltid noko nytt å lære. Det er gjennom andre ein lærer seg sjølv å kjenne. Kunsten er å stoppe opp og gripe fatt i det ein møter og løyse opp før ein går vidare. Finne rytmen i livet. Og finne ro i at ein møter det ein skal møte. Alle svara ein søkjer ligg opne i dagen. Det er berre å gå sakte nok til å oppdage det.

Kunsten er å leve innanfrå og ut.

Kontakt Anne Markhus

Er du interessert i å kjøpe eit bilde, ønsker å skaffe deg boka eller har du rett og slett lyst til å slå av en prat? Eg ser frem til å høgre frå deg! Fyll ut kontaktskjemaet, send meg en e-post eller ring direkte. Du er hjarteleg velkomen til å ta kontakt.