«Å lyse opp kroppen» er å vera strålande. La det stråle frå innsida til utsida med rolege fyldige fargar. Den er  vakker og lett og fluffig. Uansett kor mange lag med sminke og kler og lag på lag med ytre pynt så er energifeltet sterkt nok til at kroppen kan lyse gjennom alle laga.

Å lyse opp kroppen gjer den livskraftig. Det er å hente heim igjen tapt energi etter påkjenningar og kriser i livet. Alt dette som vi møter på livets veg, og som i periodar tappar og ladar oss ut. Ein utsliten trøtt kropp er tung og lite fleksibel og liknar påfallande mykje ein robåt. Fungerer meir død enn levande, og trivielle daglegdagse ting blir tyngre og tyngre å få unna. Gleda glir gradvis bort. Og kroppen heldt på å visne sakte men sikker som eit gammalt batteri helt på å slokne. Spenninga er svak.

Kunsten er å kome til hektene før kroppen blir heilt mørklagt. Akkurat som å lade batteriet gir energien tilbake. Sove ut lenge og vel, sleppe klokke og avtalar og forventningar og press og stress. Å lyse opp kroppen er å gjere den meir vital, reinske ut både fysisk slagg og mentale sperrer. Og la meir energistraum strøyme gjennom.

Kontakt Anne Markhus

Er du interessert i å kjøpe eit bilde, ønsker å skaffe deg boka eller har du rett og slett lyst til å slå av en prat? Eg ser frem til å høgre frå deg! Fyll ut kontaktskjemaet, send meg en e-post eller ring direkte. Du er hjarteleg velkomen til å ta kontakt.