Før kunne vi sjekke skatt og inntekt til kreti og pleti og naboar og andre utan å gjere oss til kjenne. Men statistikken viste kolossal nedgong i antal søk når den oppsjekka kunne sjå kven som hadde vore innom. Er det ikkje rart? For når vi skal sjå andre inn i auga, så er det lett å vike unna som ein flyktig gele klump.
Menneskesjela fell lett i freisting, snuskar og er nysgjerrige. Djupe mørke kroker blir saumfare når ingen andre ser. Innerst inne veit vi forskjell på rett og galt, men tar likevel sjansen viss den byr seg fram. Men kjem ting fram i dagslyset så er det lett å trekke seg feigt bort, gjømme seg bak andre og la det passere i det stille. Eller ljome i same kor som andre utan å stå opp for sanninga. Slik fossar det feige ut. Men feige handlingar kjem pilande tilbake fordi om den i utgangspunktet er godt gøymt. Det er som å slurve med å male huset. Når dei nedste listene og plankane der det er uråd å kome til blir hoppa over og blir ståande urørte utan vedlikehald i årevis, så vil huset sakte med sikkert rotne på rot. Heilt utan at nokon såg det, bortsett frå gud då, så skjer forfallet.
Å vera feig er både abstrakt og usynlege, men påverkar menneske som forfall på huset. Det feige stoffet flyt innvendig og forgiftar sjela og påverkar utstrålinga frå kroppen. Akkurat som ei mor på lang avstand kan sjå når barnet kjem heim med dårleg samvit. Ingen har sett det, men mamma veit det.