Kroppen er ein kunstnar som uttrykker seg gjennom kroppsspråket. Lik kunstnaren uttrykker seg med å presse ut inntrykk slik at det får ei form i det ytre. Det er inntrykk som skaper uttrykk. Kunsten er å bli kjent med kroppen sitt språk.

Kvart sekund i våken tilstand pressar kroppen ut eit uttrykk. Og den har mange former å utfalde viss den får lov. I kontor­landskapet framfor datamaskinen blir den knebla og fastlåst og sit musestille rett i ryggen og hovudet tynger på toppen. Eller ein kommanderer kroppen til å yte, pressar den til yttergrenser. Og i gitte situasjonar så legg vi band på kroppen for å kontrollere. Heile tida snakkar kroppen kontinuerleg til omverda gjennom uttrykka sine. Den viser glede, sorg og redsel. Den kan skjelve av kulde eller piple varme svette perler ut. Alt er inntrykk som skal ut. Vi reagerer alle med den erfaring vi har i møte med det ytre. Å synge ein song i eit klasserom kan utløyse redsel eller glede, kroppen fortel kor tilpass den er. Å kaste ball i gymsalen har og mange ulike uttrykk. Vi gjer det på kvar vår måte. I møte med framande menneske kan kroppen bli både stiv og avvisande. Eller kanskje varm og sprudlande. Reaksjonar skjer automatisk utan at ein sjølv styrer det. Nokre gonger stoppar uttrykket opp i blokkeringar som sit fast og andre gonger flyt det naturleg.

Mange former formar seg inn i kvarandre. Det er millionvis av uttrykk. I fri dans riste kroppen etter rytmen og utfolde seg fritt. Ingenting er rett og ingenting er galt. Kroppen svingar med og brukar sin  eigen intelligens for å uttrykke det som heng fast i den. Kunsten er å ha kontakt med uttrykksforma og gjere bevisst kva den vil fortelje.

Kontakt Anne Markhus

Er du interessert i å kjøpe eit bilde, ønsker å skaffe deg boka eller har du rett og slett lyst til å slå av en prat? Eg ser frem til å høgre frå deg! Fyll ut kontaktskjemaet, send meg en e-post eller ring direkte. Du er hjarteleg velkomen til å ta kontakt.