Det enklast i livet er å gå forbi. Å gå forbi ein utfordrande samtale eller ein ubehageleg situasjon eller ei bortgøymt sorg som ulmar. Det er krevjande å stoppe opp og gripe fatt. Å gi støtte og omtanke til eit nært menneske eller ei einsam sjel blir prioritert bort og bortforklare med andre gjeremål som er viktige og må gjerast. Går vidare i dagen og fullfører det trivielle. Det er vanskeleg å stoppe opp for det er så mykje enklare å gå forbi. Å gå forbi det vesentlege. Det som ristar i sjela og gripe fatt i det essensielle med å leva. Slik går vi omvegar som blinde blindebukkar.

Men det er ikkje heilt sant at vi er blinde. For små stikk i kroppen prøver å rive skylappane bort. Men ein pesar forbi. Spring. Gøymer seg og dekke over med mange ord. Ein veit godt med seg sjølv kor tid ein går forbi med vitande vilje.

Gras og ugras i hagen veks kontinuerleg og plenklipparen kan komme til kort dersom ein ikkje klipper og steller med jamne mellomrom. Då må ein bruke større maskinar eller andre verktøy for å snaue det ned. Eit blomebed utan stell vert ganske snart overgrodd av ugras, og blomane forsvinn mellom alt anna. Og det krev ei kraftsalve av arbeid for å reinske opp for å få det vakkert igjen. Men det enklaste er alltid å gå forbi. Og oversjå at det veks vilt og over alle bredder. Men det blir tyngre og tyngre og ta igjen til lenger ein ventar med å gripe fatt. Det er ikkje alltid det enkle er det beste. Kunsten er å gripe fatt i livet når det skjer.

Kontakt Anne Markhus

Er du interessert i å kjøpe eit bilde, ønsker å skaffe deg boka eller har du rett og slett lyst til å slå av en prat? Eg ser frem til å høgre frå deg! Fyll ut kontaktskjemaet, send meg en e-post eller ring direkte. Du er hjarteleg velkomen til å ta kontakt.