Tårer er noko av det vakraste eg veit. Tenk så mykje betre det er å møte eit blikk med tårer framfor eit blikk med hat.
Dei har ulik form og fasong, det er mange slag, og varierer frå dag til dag. Ei blank væske som er skapt for å verne noko. Verna auga. Tårer av glede strøymer nedover kinnet og verden utvidar seg. Foldar seg ut. Eller ein gret andre sine tårer full av medkjensle, vi skjønar kvarandre og finn felles trøyst og støtte.
Og tårer sprett når ein hakkar løk, sprutar ut. Som ei sorg vi bærer innerst inne og skal løysa ut gjennom tårer. Det pressar på frå innsida. Prøver å halde igjen – stopp – ikkje kom akkurat no, ikkje la andre sjå det. Gøyme det, gøymer seg vekk. Tørke bort. Men så brotnar det, demninga brest og tårene flaumar ut som ei buldrande elv. Men kva er det å skjems over? For det hjelper å forløyse, og etterpå så er det tomt og godt. Og reint. Det er å frigjere band som har knytt seg på innsida. Det indre livet fløymer over og ut, over grensa og over kanten. Ein kropp med rennande tårer er mjuk og rund og varsam og audmjuk. Den treng omsorg, og alle i nærleiken kan gi noko. Kvar ei tåre bærer ein liten dråpe menneskeleg erfaring inni seg.
Så la det strøyme, la det renne og la det tørke ut.