Vi er opplyste. I iallfall om natta. I byar og tettbygde strøk er det lys heile natta stikk imot det naturlege nattemørket. Og vi skal ganske langt ut på landet for å finne den svarte natta.
Før var det mørkt om natta. Men gjennom generasjonar har dette endra seg. Og i takt med utviklinga har vi gradvis fått dårlegare nattsyn. Altså det å sjå i nattemørket. Vi treng jo i grunn ikkje nattsyn lenger for vi er jo meir eller mindre alltid i nærleiken av ei lykt eller opplyst område. Etter sola går ned og natta stig inn så skrur vi på lyset. Ei kunstig lyskjelde. Tida på døgnet er ingen hindring for aktivitet og jobb for det er alltid ein brytar å slå på. Slik har også kroppen latt seg påverke av kunstig lys, og er kome meir og meir på kant med den biologiske rytmen.
I vår opplyste kvardag er det lite bruk for nattsynet. Men det er greitt å ta vare på det likevel. Det er ei god kjensle å vera ute i naturen i bekmørket, og ta seg fram i ulent terreng og finne stien og kjenne at stien ligg der under foten. Og sakte men sikkert ser ein meir og meir og etter ei stund endrar det beksvarte seg til litt fleire nyansar. Og det er ikkje berre synet som vaknar til liv. Alle sansane vert kvikkare. Ein er på vakt og er ved sine fulle fem. Tar innover seg lukter og rørsler og lydar frå naturen og kjenner ein vaknar til liv. Ei bonus oppleving i det moderne samfunnet. Kunsten er å halda sansane ved like.