Alle tinga bør få den merksemd dei fortener.  Vi kan godsnakka med bilen når den bringer oss vel fram i regnvêret. Vi stelle klede og sko og tøy fint. Og ta vare på verktøy, maskinar og andre hjelpemiddel som er for handa og ordnar opp for oss. Eit sjømannstauet kveila opp i fin sirkel så det kviler godt fortel ordlaust om orden om bord. Medan eit båttau slengt i ein haug på kaien er tydeleg prega av uvørdne hender. Det er dei små nyansane som gir forskjell.

Det handlar om å vise respekt på alle plan i livet. Til alt som rører seg rundt oss og ligg til rette. Halde ved like og pleie og ta vare på, slik at tingen får eit godt liv. Ei kjensle kan dukke opp når ein ting har vore nær eller blitt gamal og utsliten og må skiftast ut. Å takke for ei fin tid saman kostar så lite. Eller sei takk til tauet som berga liv. Ta litt i det og kjæle med det, det likar alle tau veit du! Du trur sikkert eg er heilt tullete no. Men har du prøvd? Poenget er ikkje å ta det heilt bokstaveleg og klemme tauet som eit barn, men ganske enkelt gi tauet og andre ting merksemd når ein kveilar opp og fjernar snurrane , og ikkje slenge det frå seg som eit himmelras. Det lyser lang veg frå sjølv den daudaste ting korleis det er vorte handsama. Dei tinga som har hatt det godt, smiler og koser seg og heldt livet gåande i år etter år. Og lånte ting blir levert tilbake til eigaren i like god orden slik normal folkeskikk er. Usynleg vert ting merka av hendene som har brukt dei. Alle spora sit fast etterpå. Kunsten er å ta vare på tingen og leggje merke til kva liv tingen har hatt.

Kontakt Anne Markhus

Er du interessert i å kjøpe eit bilde, ønsker å skaffe deg boka eller har du rett og slett lyst til å slå av en prat? Eg ser frem til å høgre frå deg! Fyll ut kontaktskjemaet, send meg en e-post eller ring direkte. Du er hjarteleg velkomen til å ta kontakt.