Korleis går det? Er beina godt planta til jorda eller fyk hovudet på toppen som ein virvelvind proppfult av tankar om alt som må gjerast? Utan tid å puste mellom slaga.
Føtene gir bakkekontakt, og det er så sjølvsagt at ein faktisk tenkjer ikkje på det. Og det er greitt for tanken i seg sjølv er bortkasta. Kunsten er å kjenne pusten og puste djupt. Ofte er hovud på ville vegar. På veg frå det eine til det andre. Utan å ense det dagen byr fram. I staden for å kjenne kroppen lever gjennom pusten så fyk dagen bort med gjeremål og kvardagsplikter. Plikter og krav er akkurat som det skal vera, for det er ein del av livet. Utfordringar er når ein misser kontakten mellom hovudet og beina og ein kjem i ubalanse fordi det blir for mykje av det eine og for lite av det andre. Og ein strekkjer ikkje til og blir stressa.
Det er denne kontakten mellom topp og tå som gjer den litle forskjellen. Den fungerer som bindeledd. Utan støtte frå botn av blir hovud og skuldrer så frykteleg trøtte. I balanse kan ein gjere det utrulege utan å bli sliten, utan å kjenne det ein einaste plass. Men viss ein gløymer å puste djupt, og lar hovudet stå som ein stilk øvst, får det lite næring frå djupna. Kunsten er å opne opp flyten, kjenne føtene som er der for å støtte heile kroppen og bruke pusten i mellomgolvet til å skape kontakt.