Eg har ein teori. Den er ikkje bokført og den er heller ikkje dokumenter eller i startgropa på noko forskingsinstitutt. Men teorien er veldig enkel; er det slik at tida står stille når tanken er borte?

For kven har ikkje stått på ein fjelltopp å andar inn det vakre landskapet? Sveitt og varm etter ein lang og tøff motbakke opp senkar skuldrene seg og det er ingen hast med noko som skal gjerast. Berre nyte øyeblikket. Blir dratt inn i den mektige naturen og kjenner stillheten. Roen strøymer fritt gjennom kropp og sjel. Ei stor kraft foldar seg ut, ei bølgje som veks og vert sterkare og sterkare. Det er rørsle på tross av stillheten. Og det er denne stillheten som er så fantastisk å oppleve, som fyller opp med frisk energi, og som kan opplevast kor tid som helst, over alt. Men for mange er det lettast å oppleve det når ein går inn i naturen enten det er ved sjøen eller på fjellet. Det verkar som naturen i seg sjølv er balsam og sprutar inn ein ro i kropp og sjel.

Men tilbake til teorien. For er det ikkje slik at når ein kjenner denne stillheten som rører seg gjennom kroppen, så er ein heilt hovudlaus, heilt utan ein tanke? Det er ein brytar som er slått av, og ein er i ein tilstand utanfor tid og rom. Klokka går, men vi går ikkje i takt med den.

Kontakt Anne Markhus

Er du interessert i å kjøpe eit bilde, ønsker å skaffe deg boka eller har du rett og slett lyst til å slå av en prat? Eg ser frem til å høgre frå deg! Fyll ut kontaktskjemaet, send meg en e-post eller ring direkte. Du er hjarteleg velkomen til å ta kontakt.