Tenk å vera på alerten heile tida! Det er berre å ta av seg hatten for dei som klarer det. Alert er så rart ord, slik det er med ord frå andre språk, men på norsk skjønar eg det, og ser for meg ei beredskapsvakt, og når alarmen går fyk ein årvåken opp og tar aksjon. Akkurat som på brannstasjonen der ein er klar til alle døgnets tider, sprett opp som ein gummiball og vatnet sprutar før andre får sukka. Gradvis glir ordet inn, slik det også gradvis endrar menneske som til kvar tid er på alerten. For ingen er skrudd saman for å vera kontinuerlig på vakt.
Det er ein trend i tida å vera på alerten. Er alltid tilgjengeleg for ein snapshot eller svare på melding eller trykke på mobilknappar og lar seg sluke opp. Ein liten pip er nok til å utløyse reaksjon. Små snuttar treff skapningar som opnar opp for andre sine blinkskot, som blir pressar ut i verda, og inn i meg og deg. Med korte kjappe klikk står verden på alerten. Denne usynlege lydlause frekvensen suge all oppmerksomhet. Usynleg støy her og lydlaust bråk der endar opp med vilt spetakkel, det er aldri fred å få. Det stel bevisshet rett og slett, konsentrasjonen forsvinn og ein blir totalt utsliten av berre å løfte ein finger.
Eit klikk her og ein likes der, og slik spreier bevissheten seg for alle vindar. Skyt bevisstheten ut som tilfeldige piler rundt omkring, utan å samle seg og utan mål og meining. Og til fleire piler ein skyt ut, til meir oppdelt blir ein, og endar opp i mange små fragment. Og kven treffer blink når ein skyt på måfå ut i lufta? Sjansen for å treffe er liten. For det er det som skjer når ein spreier bevisshet og tankar over alle haugar, ein sit tilbake med ingenting. Eller rettare sagt ein går bevisstlaus gjennom dagen, gjennom livet. For livet er tomt utan bevissthet. Kunsten er å leve livet bevisst.