Vi fargar kvarandre. Slik ein raud sokk i klesvasken med kvite klede kan farge alle dei andre rosa. Irriterande, men det skjer inniblant. Og vi smittar kvarandre i trafikken. Startar turen avbalansert og roleg, men plutseleg er det nok. Raseriet fresar ut og ein øsar seg opp på andre frekke og aggressive bilistar. I rushtrafikken tett i tett smittar vi fort kvarandre.

Det er kanskje lettvint å skylde på andre, men mi erfaring er at det er lettare å bli sint når stemninga er amper og aggressiv. Vi kjenner raseriet sige inn og tar igjen med same mynt. Eller heldt det innelåst til nestemann ein treffer og sprutar det ut. Som igjen tar opp sinne og spreier det vidare til andre. Og slik går fargen frå den eine til den andre. Snart er vi ill-raude heile gjengen.

Vi bærer prega av det vi omgir oss med. Og kunsten er å velje det gode. Dei fleste kan kjenne atmosfæren og oppfatte stemninga når vi går inn i eit nytt rom. Om den er god eller dårleg, tung eller lett. Den ligg som eit tett lag og omsvøpar alt og alle. Det er uhandgripeleg, usynleg og vanskeleg å setje ord på, men det er ingen tvil om at noko fyller rommet. Kunsten er å velje det gode, og omgi seg med det som kjennes best for kropp og sjel.

Kontakt Anne Markhus

Er du interessert i å kjøpe eit bilde, ønsker å skaffe deg boka eller har du rett og slett lyst til å slå av en prat? Eg ser frem til å høgre frå deg! Fyll ut kontaktskjemaet, send meg en e-post eller ring direkte. Du er hjarteleg velkomen til å ta kontakt.