Menneskesinnet pregar oss kvar dag enten det er overfylt med stress og uro eller det har funne kvile. Den eine dagen er vi lette til sinns og den andre tung. Men kor er denne kroppsdelen vi alle drassar rundt med festa fast? Sit ballasten fast i hovudet? Det kan jo ikkje vera i hjernen for der er intellektet med nervetrådar og signalanlegg og kvar vår medfødde datamaskin. Kroppen inneheldt så mange deler som er identifisert og studert, men sinnet er ganske diffus.

Vi snakkar om menneskesinnet som det mest sjølvsagt i verda, og så veit vi ikkje eingong kor det høyrer heime. Sinnet lagrar all erfaring gjennom livet. Alle minner både gode og vonde. Mykje usynleg stoff gjer det overfylt og uklart. Det spinn negativ tankar, kan fordømme eller døme andre og fordomar byggjer seg opp. Eller skape høgtflygande rosa skyer. Trussystem spikrar seg fast. Sinnet er ein meister til å ta plass og spreie seg utover. Og blir det for mykje kan det slå ut i kroppsspråket som ei rastlaus eller stressa sjel. Ein ser ikkje skogen for berre tre og det er lett å gå seg vill i sinnet sine irrgangar. Og bli fastlåst og stiv og støl. Sikten er for kort til å få oversikt og alt er uklart og tåkete. Det er grumsete. Som grums i eit glas vatn. Men når roen senkar seg fell grumset til botn og vatnet blir klart igjen. Gjennomsiktig. Transparent. Slik også eit klart og roleg sinn er. Sinnet er reint og fordomar fjerna og trussystem er i tråd med sanninga. Det gamle skrotet vi har drassa på er fjerna.

Sinnet vil gjerne styre kroppen og ta overhand. Men sinnet sin enkel funksjon er å vera tomt og stå til teneste når forstanden treng støtte. Kunsten er å pusse sinnet klart og reint.

Kontakt Anne Markhus

Er du interessert i å kjøpe eit bilde, ønsker å skaffe deg boka eller har du rett og slett lyst til å slå av en prat? Eg ser frem til å høgre frå deg! Fyll ut kontaktskjemaet, send meg en e-post eller ring direkte. Du er hjarteleg velkomen til å ta kontakt.