Alle spel har ein slutt. Også politiske spel når det vert gjennomskoda av folket. Vi ser arrogante politikarar. Vi ser politikarar love og lyge. Vi ser svik. Vi ser løgn. Vi ser korrupsjon. Vi ser maktmisbruk. Vi ser menneske skjuler seg bak partiet og vedtak, og i store tunge system får mange handlingar liten konsekvens i ettertid.

Personleg ansvar for moral og etikk er stort sett mangelvare. Men det kan skje, vi var nettopp vitne til ein statsråd som tok ansvar for juks i masteroppgåva si. Men i det store og større bilde så misser folket all tillit. Maktarrogansen til regjeringa si handtering av Høgsterett sin dom om vindkraftverket på Fosen er trist. Regjeringa og statsråden snakkar tomprat og vrir konklusjonane rundt. Nyleg tapt staten ennå ein sak der dei var dømde for å ha gitt ulovleg tillating til oljeproduksjon av tre felt, likevel forsett produksjonen uendra. Statsråden durar i veg på same arrogante måte og nektar å forhalda seg til Tingrettsdomen. Før vart vi forvirra av hersketeknikk, men no ser vi. Det er naturstridig at overtramp mot rettsstaten kan overleve i eit sunt samfunn.

Og vi ser løgn og svik. I Bergen garanterte Høgre i valkampen at vedtaket om bybane over torget var endeleg. Og etter valet så går dei frå sin eigen garanti i forhandlingar med andre parti. Same i Sokndal der Arbeiderpartiet sa dei skulle støtte sitjande ordførar. Ordførar Jonas fekk neste 30% av stemmene så folkeviljen var tydleg. Men etter valet så dolkar dei han i ryggen for meir makt. Vi ser. Og vi kjenner den tunge energien i systemet. Det flyte opp til overflata og vi ser grumset bli synlege. Vi ser stadig meir av det store spelet og desperate handlingar.

Å spele med uærlege spelereglar og misbruke makt er sjukdomsteikn i samfunnet. Det er naturstridige at slike ovanfrå og ned- system kan overleve når folket kjenner smerte. Vi vil byggje det ekte og ærlege frå botn og opp. Og ta tilbake det vi har gitt frå oss. Vi vil høyre til og blir sett og leggje ting til rette slik at alle får mat og hus og har omsorg for kvarandre. Vi vil det beste for kvarandre. Kunsten er å skape eit nytt friskt samfunn.

Kontakt Anne Markhus

Er du interessert i å kjøpe eit bilde, ønsker å skaffe deg boka eller har du rett og slett lyst til å slå av en prat? Eg ser frem til å høgre frå deg! Fyll ut kontaktskjemaet, send meg en e-post eller ring direkte. Du er hjarteleg velkomen til å ta kontakt.