Digitalt søppel sluker energi, og eg vil påstå vi manglar innsyn og kunnskap om kor store mengde ressursar dette bruker. For viss det var vilje til å opplyse om kor innvikla digitalt rot er, så hadde mange hatt vilje og krefter til å vikle seg ut. Tenk så mykje energi vi kan spare viss alle ryddar bitte litt. Kanskje vi ikkje treng så mange batterifabrikkar dersom det store digitale søppelberget vert fjerna.
Digitalt rot er mykje meir enn overflødige og eldgamle e-postar med store vedlegg. Alle søk på nettet og vedlegg på Facebook og sosiale medium og meldingar sendt på kryss og tvers til alle verdens land blir lagra opp og ned i mente. Dobbelt og mangedobbelt av same sak. Det er jo absurd at all korrespondanse og kommunikasjon med alt og alle blir henta inn og samla opp for så å bli lagra til evig tid. Og sikkerhetskopiert om at og om at. Kopiering av innhaldet i telefonen surrar og går mange gonger i døgnet. Og det er kanskje litt i overkant av behovet spør du meg. Før var det back-up av datamaskinar ein gong i veka, og det fungerte bra. Ei lita rydde økt på telefonen min med å fjerne dobbel kopi av bilde og gamle meldingar og enheter gav 25% meir lagringskapasitet på eit blunk. Vips borte vekk med gamalt flesk utan nytteverdi! Men det vesentleg var å oppdage kor bevisstlaus eg har vore til omfanget av digitalt rot. Og det skremmer meg djupt. Og framleis er eg desillusjonert ganske enkelt fordi eg manglar informasjon og kunnskap.
Eg innser at mitt bidrag er ei nål i høystakken av alt som svirrar på eteren, men det gav ei god kjensle å rydde opp. Og meir innsikt i korleis ting fungerer. Store multikonsern spelar på menneske sine svake side for det er behagelege å sleppe og rydde i eigne saker. Vi likar best å flyte med, utan å bidra eller ta ansvar for eige rot. Men det skaper eit lettare liv å ha det ryddig og reint i eige hus. Kunsten er å ta ansvar for sitt eige søppel.