Det nye er å leve innanfrå og utover. Å gå frå eit ytrestyrt syn til eit indrestyrt vil gradvis endre livet vårt. Men det er alltid krevjande snuoperasjonar når vanleg tankemåte og førestilling og forståing blir snudd på hovudet.
Før gjekk ein utover for å bli likt av andre og få bekrefta eigen verdi og andre vurderte om ein var god nok og flink nok. Og vi la all makt i den ytre verda. Eller leita fortvila etter sanninga på utsida blant bøker, lærarar og vener og vart ennå meir bortkomen og kraftlaus. Det ytre har evne til å kontrollere og skape frykt og stressande liv for menneske. Den nye er å gå innover for å finne tilbake til kven vi er og ha tru på seg sjølv. Vi sluttar å leite i det ytre for at andre skal definere oss og fortelje kva vi skal meine og kva som er rett og galt og setje rammer rundt livet vårt. Vi finn svar inni oss og kjenner resonansen med eiga sanning. Vi sluttar å meine det andre vil vi skal meine og gjere som andre pålegg oss. Og oppdagar at i kontakt med vårt indre så blir vi oppløfta og glade. Kunsten er å vera i senteret av seg sjølv og stole fullt og heilt på sitt indre leiarskap.
Å bryte ut av det velkjente er å skape det nye. Men vi går i utakt derfor blir mange som ennå lever på utsida i det gamle velkjente systemet frustrert. Dei opplever at å snakke til dei som har snudd innsida ut er som å snakke til ein stein utan øyrer. Dei når ikkje inn fordi om det er aldri så velmeint, og kallar den nye væremåten både arrogant og egoistisk. For alle snuoperasjonar gir gnissingar. Derfor er kunsten å innsjå snuoperasjonen som skjer blant menneska no.