Eg saknar ein regel for sunn fornuft fordi eit samfunnet med tunggrodde system og veike politikarar kan trenge det. Ta tilsetting av Tangen som oljefondsjef for eksempel. Det stride mot all sunn fornuft og etikk at ein person med private fond i hytt og pine skal forvalte vår oljeformune, spesielt sidan han nektar å selje seg ut. Og dei ansvarlege kastar ballen frå den eine til den andre. Først sjekke kven som har endeleg ansvar for tilsetjinga og no sist om Tangen kan vera eigar i private fond. Men det smakar dårleg når fleire vurderingar blir utført av same advokatfirma. Då talar det mot sunn fornuft at konklusjonane er uavhengige. Det gode er at vi er delvis opplyst i saka. Vi får nok informasjon til å sjå eit større bilde. Og det er sjølvsagt vanskeleg for dei som knytte trådane saman i bakteppe.

Utbygging av vindkraft i naturperlene våre er eit anna eksempel. Ei rørsle av menneske har vakna opp og fått fram opplysningar om baksida. Naive politikarar gjorde eit vedtak for lenge sidan bak ryggen på folk. Dei skjøna ikkje omfanget sjølv heller fordi endringane undervegs har endra heile prosjektet. I tillegg vart det pakka inn i fint papir kor naturvennleg og grøn og god energien var. Og samtidig med at folk vakna opp byrjar ballen å rulle i systemet der konklusjonen er at gamle vedtak er juridisk umuleg å stoppe. Har ikkje sunn fornuft noko verdi lenger? Det finnes vel knapt ein nordmann som støttar den voldsamme raseringa som skjer i norsk natur no. Det einaste er dei fornuftige som har mista all sunn fornuft og trur alt er umuleg når avtalen er signert. På tross av at resultatet er naturstridig.

Vi er pakka inn i eit samfunn med rigide reglar og juridiske formuleringar. Og reglane er som eit tak over hovudet på oss der rommet vi bur i vert mindre og mindre. Dei trykker oss ned og prøver å fjerne vår jordnære sunne fornuft. Det kan kvele oss til slutt. Stikk i mot sin hensikt. For meininga er vel at vi menneske skal bli oppbygd og oppløfta og tatt vare på. Kunsten er å stole på den sunne fornufta.

Kontakt Anne Markhus

Er du interessert i å kjøpe eit bilde, ønsker å skaffe deg boka eller har du rett og slett lyst til å slå av en prat? Eg ser frem til å høgre frå deg! Fyll ut kontaktskjemaet, send meg en e-post eller ring direkte. Du er hjarteleg velkomen til å ta kontakt.