Ting tar tid. Og mange ting stel både krefter og energi. Dei skal passast på og stellast med og vedlikehaldas og flyte rundt overalt og innimellom trengst det rydding i rotet. Alle tinga tar stor plass og kan vera ei tung tankebyrde å bære.

Materialistisk sett har vi hatt det veldig godt veldig lenge. Vi har bognande butikkar med overflod og har i årevis drassa heim både pynteting og nytteting og unyttige ting til bry. Og ting med status symbol graderer menneske fordi om det materielle manglar sjel. Kanskje den materialistiske måten å leve på har sett sine spor i oss med travle kvardagsting som skal gjerast kvar dag. På utsida av oss sjølv. Og eit heseblesande arbeid og tempo for å få hjula til å gå rundt. Vi kjøper ting for å lette det praktiske i livet, men det enkle livet er nesten ikkje er til å overleve. Der alle tinga lagar livet meir komplisert og fjernar oss frå det naturlege. I ein evig runddans der vi arbeidar for pengane og pengane arbeidar for oss. Men mange har erkjent å ha meir enn nok, mykje meir enn ein treng og kjøper derfor mindre. Berre det å sleppe å eige ting kan vera ein lettelse. For når ein ikkje eig tingen er ein fri og den har ingen kontroll. Og nye ting er erstatta med gjenbruk der tingen går frå den eine handa til den andre. Så det er tydlege endringar på gang i samfunnet.

Det er ei tid for alt og no er tida å vakne opp og reflektere kva vi brukar tid og pengar på. Og kva vi treng eller vil eige. Kunsten er å leve eit enkelt liv. Det materialistiske fokuset på det ytre i livet gir tunge tankar å streve med og skil oss frå vårt indre. Men vi kan rulle denne steinen av skuldrene våre og finne tilbake til oss sjølv. Kanskje den materialistiske epoken snart er ein saga blott. Det er vårt verdivalg.

Kontakt Anne Markhus

Er du interessert i å kjøpe eit bilde, ønsker å skaffe deg boka eller har du rett og slett lyst til å slå av en prat? Eg ser frem til å høgre frå deg! Fyll ut kontaktskjemaet, send meg en e-post eller ring direkte. Du er hjarteleg velkomen til å ta kontakt.