Vi lever i kvar vår verden. Det er full forvirring om kva som er sant når mengdevis av meiningar flyt flat og fritt utover, og oppspinn og truverdige påstandar ligg side om side. I min verden lyttar eg til hjarta og navigerer med intuisjonen. Det blir som å prøve eit klesplagg i butikken og få råd frå andre, men lyttar til meg sjølv før eg handlar.

I dag lever vi delvis i ein virtuell verden. Å snakke med menneske via ein skjerm kan vera sant fordi om det ikkje skjer fysisk. Eller det skjer jo fysisk, men er ikkje handfast. Det virtuelle og fysiske glir inn i kvarandre. Før var fysiske rammer og etablerte ytre sanningar eit bindemiddel, og det var derfor lettare å ha felles forståing. Vi la trua på utsida av oss sjølv og fornufta råda. For å tru på ein ting måtte det vera handfaste bevis og helst dokumentet med forsking. Og all synsing og føling blei stilt til veggs for å hoggast ned. Men no er det oppbrotstid. Den verda vi kjenner er på veg til å brotne saman, og gamle inngrodde trussystem fell bort. Eit brytningspunkt mellom det fysiske og virtuelle. Det er vanskeleg å vite kva som er sant og ikkje. Derfor er kunsten å bruke intuisjonen for å manøvrere. Kunsten er å stole på seg sjølv og uttrykke sin eigen verden. Og ha intuisjonen som referanse punkt når verda ikkje er til å forstå.

Kontakt Anne Markhus

Er du interessert i å kjøpe eit bilde, ønsker å skaffe deg boka eller har du rett og slett lyst til å slå av en prat? Eg ser frem til å høgre frå deg! Fyll ut kontaktskjemaet, send meg en e-post eller ring direkte. Du er hjarteleg velkomen til å ta kontakt.